Hopp til innhaldet
Fyrlykt-badstova speglar seg i blank sjø i Våge Gjestehamn

Badstove i sjøkanten · Våge Gjestehamn · Tysnes

Fyr på badstova, hopp rett i sjøen

Fyrlykta på badebryggja i Våge Gjestehamn. Plass til 8 til 10, ope kvar dag frå 08 til 22, heile året.

1 time1 000 kr
2 timar1 600 kr
3 timar2 200 kr
Plass til 8 til 10Ope kvar dag 08 til 22Frå 200 kr per personStupetårn rett utanfor

Fyrstova er «barnet» til tysnespatrioten Christian Nome Lepsøe, som starta Tysnes Vinterbading i 2019 og samla inn pengane til badstova. Designet er henta frå Bade-Olena i Skudeneshavn, inspirert av dei gamle kystlyktene langs leia.

Badstova er open for alle, kvar dag frå 08 til 22, tillitsbasert slik det skal vere på Tysnes. Du bookar time på nett og har badstova heilt for deg sjølv og følgjet ditt.

Godt å vite

Book ein heiltime

Vel time på nett. Badstova er din åleine i tida du har booka.

Kode ved døra

Du får kode til nøkkelboksen når du bookar. Lås etter deg.

Plass til 8 til 10

Perfekt for vennegjengen, laget eller utdrikningslaget.

Stupetårn rett utanfor

Eit friskt bad mellom øktene. Sjøen er 60 centimeter unna.

Berre ferskvatn på omnen

Aldri sjøvatn på steinane, det øydelegg omnen.

Tysnes Vinterbading

Laurdagssamlingar i hamna frå oktober til påske. Alle er velkomne.